mandag 12. april 2010

Min favoritt

Som du kanskje allereie har forstått vart blogginga min favoritt. Det var supert å leggje ut bilet og video her. Men skal ta ein liten repetisjon på Nettsky, då dette var lett å forstå, men vanskeleg å få til å fungerer. Som vanleg, ingen ting på nett verkar slik som eg vil det skal fungere.

Framlegg til forbetring:
Kursopplegget burde ha vore litt mindre omfattande. Dersom ein les alle linkane som kurssidene viser, blir ein sitjande eit heilt år.
Det kursdeltagerane faktisk skal levere tilbake, burde og ha vore gjort tydelegare. Det tok lang tid før eg forstod kva eg skulle utforske, og kva som var frivillig. Eg var ikkje på den første samlinga, men vart dette dette tydeleg nok sagt her? Skulle kursleiarane gje tilbakemeldingar direkte til kvar enkelt om kva som blir krevd? eller korleis var dette lagt opp?

Hildegard og eg ser heilt klart kva ting vi meiner er positivt for oss og museet. Det er tydeleg at dialogen som ein kan få fram ved hjelp av facebook er særs positivt. Samtidlig er ein god og levande blogg særs spanande.

Det vi kjem til å måtte diskutere og ta stilling til er kor mange stadar vi til ei kvar tid skal vere aktive på? Heimesida er sjølvsagt, men pga tidsnaud og mangel på ressursar må vi ta stilling til:
-skal kvar avdeling ha sin eigen blogg? kva skal til for å ha ein levande blogg?
-skal kvar avdeling vere på facebook?
-skal vi twitre?
-kven har ansvar for kva, kven skal vere superbrukar?
-digitalt fortalt, kulturminneløype, kulturatlas, kulturnett, kommunane sin heimesider... Det er lett å bruke pengar på å skape eit slikt digitalt verkty, men KVEN SKAL SITJE Å SKRIVE INN OG OPPDATERE ALL INFORMASJON???? Og kven når vi eigentleg?

Det som har vore mangel på i kursinga er den store diskusjonen.
Vi har trengt dette kurset for å kunne delta i den. Vårt medvit og kunnskap om sosiale medier og kva dette inneber er no auka. Vi er no klare og i stand til å delta i den store diskusjonen, trur vi. :)Den håper vi kjem no.

Ingvild og Hildegard

Trendar

Det er tydeleg at vi må gjere sentral informasjon meir tilgjengeleg på nett, og at tovegskommunikasjonen/dialogen er det vi må arbeide mot.
I tillegg synest vi i SNM som har tatt i bruk Citrix (Averøy, Gjemnes og Kristiansund) at dette fungerer som vår private nettsky, der vi kan dele alt vi vil dele. Vi ser fram til den dagen alle i stiftinga vår er på Citrix.

onsdag 7. april 2010

mashups

Hildegard og eg hadde litt problem med å forstå skikkeleg kva ein mashup er. Mashup er ei nettside eller webapplikasjon som kombinerer innhold fra to eller flere kjelder til ein ny tjeneste. (seier teksten) Vi søkte på tre museum, og fann ingen ting.
Vi fann ein plass vi kunne lage Mashup, det prøvde Hildegard. Fekk lagt inn ein mashup på blogsida til Klippfiskmuseet.

Men når Hildegard har lagt inn GoogleMap i sin blogg for Klippfiskmuseeet, som ikkje er søkbar på andre stadar enn Klippfiskmuseet, er vel dette ikkje ein mashup. Men når eg har lagt lagt inn YouTube søkbart, på bloggen min, er vel dette ein mashup?


Marknadsføring gjennom web 2.0
Her synest eg dyrehagen i Antwerpen verkeleg hadde funne ein måte å nå ut til nye sjåarar, og desse kan igjen bli besøkande. Men kva skal vi finne på for å få like mykje merksemd? Er vi nøydde til å provosere? Svaret blir vel ja. Det er synest er vanskelegast (eg er ikkje av den mest kreative typen) er å finn ein ny og naturleg samanheng. Den kan gjerne vere ny og provoserande, men det må vere meining. Så...

torsdag 25. mars 2010

TA DEN RING



Å TA VARE PÅ GAMLE SANGER OG GATELEKER I KRISTIANSUNDSTRADISJON
Våren 2008 fekk Nordmøre museum og Rensvik skole midlar frå ”Den kulturelle skulesekken” til å gjennomføre ei prosjekt der vi skulle ta vare og formidle vidare gamle songar og gateleiker frå Kristiansund. Dette har vorte eit stort og omfattande arbeid og vi er ikkje lite stolte av å presentere det ferdige produktet.

Produktet består av 4 ulike deler som utgjer ei samla heilskap:
- DVD som viser heilt konkret korleis dei gamle leikane blei gjennomførte. Skodespelarane er elevar frå Rensvik skole. Også medlemmar frå Lekegruppa deltek.
- CD 1 med innspeling av gamle songar og songleikar. Her har Leikegruppa og elevar frå Rensvik medverka.
- CD2 med nokre utvalde songar frå CD 1, kor komponist Rune Tylden har gjenskapt songane til moderne form. Elevar ved Rensvik skole står for songstemmene.
- Hefte med noter, tekster, regler og historisk bakgrunn.

Produktet skal vere særs lett å bruke i skule og barnehage, kulturskulen, på sjuke- og aldersheimar, og andre stader der songar og leiker er aktuelt å bruke.

Poduktet er til sals for kr 300,- ved:
- Nordmøre museum, Storgata 19, Kristiansund, tlf 71587000
- Rensvik skole
- Servicekontoret, Krisitiansund kommune
- Kaffebrenneriet Patrick Volckmar

onsdag 24. mars 2010

å jobbe i nettskya

her er ein ting eg ikkje heilt forstår igjen. Eg har kika nærare på google docks, greier å opprette dokument, trur at eg greier å dele dette dokumentet, men... korleis skal eg få dette inn i bloggen min? eller er det ikkje det som vert venta av meg?

Når ein ikkje veit kva ein skal gjere, er det lurt å bruke litt humor i staden. Her er Flemma songlag, eit lite damekor som skal vere med på songkonkurranse i Bergen i mai. Koret er så lite at dei har vore nøydde til å headhunte kjerringar frå nabobygda (derfor er eg med). Her er eit lite klipp frå då dei leidde inn profesjonell hjelp, Gail Opaas. Som de ser kan det sjå ut som om sopranane trengde det.

SKYPE

Som det står "skype er et dataprogram som brukes til ip-telefoni"
Eg kan ikkje tenke meg å laste ned skype på maskina mi no, men som eg har kommentert på bloggen før, er det utruleg praktisk når ein har vennar og familie langt vekke, og når det ikkje noko avtale mellom Noreg og det andre landet om pris. Vi har brukt skype heime, og det største problemet har vore hakking på lina. Elles så har det fungert bra.
Eg følgde likevel instruksjonene med nedlasting, og det virka veldig lett.

TWITTER

Her er eit bilete frå buemakerkurset i helga. Både Heidi og Frøydis er blitt hekta på twitter.
Ja eg har også registrert meg på twitter. Her ser eg at eg må følge med litt over tid for å forstå fordelane med denne nettstaden. Har forstått at det er mykje fagleg som foregår her.
Legg også merke til at folke eg kjenner som er særs opptekne av twitter formidlar ut til verda alt dei gjer på, kor dei er og liknande. Dei oppdaterer sikkert statusen sin via mobil - som det stod i den eine artikkelen. Dette er ikkje noko for meg, som ikkje er tilgjengeleg på mobil på kveldstid ein gong. Folk som kjenner meg, og vil nå meg, veit at dei får tak i meg på hustelefonen.