mandag 12. april 2010

Min favoritt

Som du kanskje allereie har forstått vart blogginga min favoritt. Det var supert å leggje ut bilet og video her. Men skal ta ein liten repetisjon på Nettsky, då dette var lett å forstå, men vanskeleg å få til å fungerer. Som vanleg, ingen ting på nett verkar slik som eg vil det skal fungere.

Framlegg til forbetring:
Kursopplegget burde ha vore litt mindre omfattande. Dersom ein les alle linkane som kurssidene viser, blir ein sitjande eit heilt år.
Det kursdeltagerane faktisk skal levere tilbake, burde og ha vore gjort tydelegare. Det tok lang tid før eg forstod kva eg skulle utforske, og kva som var frivillig. Eg var ikkje på den første samlinga, men vart dette dette tydeleg nok sagt her? Skulle kursleiarane gje tilbakemeldingar direkte til kvar enkelt om kva som blir krevd? eller korleis var dette lagt opp?

Hildegard og eg ser heilt klart kva ting vi meiner er positivt for oss og museet. Det er tydeleg at dialogen som ein kan få fram ved hjelp av facebook er særs positivt. Samtidlig er ein god og levande blogg særs spanande.

Det vi kjem til å måtte diskutere og ta stilling til er kor mange stadar vi til ei kvar tid skal vere aktive på? Heimesida er sjølvsagt, men pga tidsnaud og mangel på ressursar må vi ta stilling til:
-skal kvar avdeling ha sin eigen blogg? kva skal til for å ha ein levande blogg?
-skal kvar avdeling vere på facebook?
-skal vi twitre?
-kven har ansvar for kva, kven skal vere superbrukar?
-digitalt fortalt, kulturminneløype, kulturatlas, kulturnett, kommunane sin heimesider... Det er lett å bruke pengar på å skape eit slikt digitalt verkty, men KVEN SKAL SITJE Å SKRIVE INN OG OPPDATERE ALL INFORMASJON???? Og kven når vi eigentleg?

Det som har vore mangel på i kursinga er den store diskusjonen.
Vi har trengt dette kurset for å kunne delta i den. Vårt medvit og kunnskap om sosiale medier og kva dette inneber er no auka. Vi er no klare og i stand til å delta i den store diskusjonen, trur vi. :)Den håper vi kjem no.

Ingvild og Hildegard

Trendar

Det er tydeleg at vi må gjere sentral informasjon meir tilgjengeleg på nett, og at tovegskommunikasjonen/dialogen er det vi må arbeide mot.
I tillegg synest vi i SNM som har tatt i bruk Citrix (Averøy, Gjemnes og Kristiansund) at dette fungerer som vår private nettsky, der vi kan dele alt vi vil dele. Vi ser fram til den dagen alle i stiftinga vår er på Citrix.

onsdag 7. april 2010

mashups

Hildegard og eg hadde litt problem med å forstå skikkeleg kva ein mashup er. Mashup er ei nettside eller webapplikasjon som kombinerer innhold fra to eller flere kjelder til ein ny tjeneste. (seier teksten) Vi søkte på tre museum, og fann ingen ting.
Vi fann ein plass vi kunne lage Mashup, det prøvde Hildegard. Fekk lagt inn ein mashup på blogsida til Klippfiskmuseet.

Men når Hildegard har lagt inn GoogleMap i sin blogg for Klippfiskmuseeet, som ikkje er søkbar på andre stadar enn Klippfiskmuseet, er vel dette ikkje ein mashup. Men når eg har lagt lagt inn YouTube søkbart, på bloggen min, er vel dette ein mashup?


Marknadsføring gjennom web 2.0
Her synest eg dyrehagen i Antwerpen verkeleg hadde funne ein måte å nå ut til nye sjåarar, og desse kan igjen bli besøkande. Men kva skal vi finne på for å få like mykje merksemd? Er vi nøydde til å provosere? Svaret blir vel ja. Det er synest er vanskelegast (eg er ikkje av den mest kreative typen) er å finn ein ny og naturleg samanheng. Den kan gjerne vere ny og provoserande, men det må vere meining. Så...

torsdag 25. mars 2010

TA DEN RING



Å TA VARE PÅ GAMLE SANGER OG GATELEKER I KRISTIANSUNDSTRADISJON
Våren 2008 fekk Nordmøre museum og Rensvik skole midlar frå ”Den kulturelle skulesekken” til å gjennomføre ei prosjekt der vi skulle ta vare og formidle vidare gamle songar og gateleiker frå Kristiansund. Dette har vorte eit stort og omfattande arbeid og vi er ikkje lite stolte av å presentere det ferdige produktet.

Produktet består av 4 ulike deler som utgjer ei samla heilskap:
- DVD som viser heilt konkret korleis dei gamle leikane blei gjennomførte. Skodespelarane er elevar frå Rensvik skole. Også medlemmar frå Lekegruppa deltek.
- CD 1 med innspeling av gamle songar og songleikar. Her har Leikegruppa og elevar frå Rensvik medverka.
- CD2 med nokre utvalde songar frå CD 1, kor komponist Rune Tylden har gjenskapt songane til moderne form. Elevar ved Rensvik skole står for songstemmene.
- Hefte med noter, tekster, regler og historisk bakgrunn.

Produktet skal vere særs lett å bruke i skule og barnehage, kulturskulen, på sjuke- og aldersheimar, og andre stader der songar og leiker er aktuelt å bruke.

Poduktet er til sals for kr 300,- ved:
- Nordmøre museum, Storgata 19, Kristiansund, tlf 71587000
- Rensvik skole
- Servicekontoret, Krisitiansund kommune
- Kaffebrenneriet Patrick Volckmar

onsdag 24. mars 2010

å jobbe i nettskya

her er ein ting eg ikkje heilt forstår igjen. Eg har kika nærare på google docks, greier å opprette dokument, trur at eg greier å dele dette dokumentet, men... korleis skal eg få dette inn i bloggen min? eller er det ikkje det som vert venta av meg?

Når ein ikkje veit kva ein skal gjere, er det lurt å bruke litt humor i staden. Her er Flemma songlag, eit lite damekor som skal vere med på songkonkurranse i Bergen i mai. Koret er så lite at dei har vore nøydde til å headhunte kjerringar frå nabobygda (derfor er eg med). Her er eit lite klipp frå då dei leidde inn profesjonell hjelp, Gail Opaas. Som de ser kan det sjå ut som om sopranane trengde det.

SKYPE

Som det står "skype er et dataprogram som brukes til ip-telefoni"
Eg kan ikkje tenke meg å laste ned skype på maskina mi no, men som eg har kommentert på bloggen før, er det utruleg praktisk når ein har vennar og familie langt vekke, og når det ikkje noko avtale mellom Noreg og det andre landet om pris. Vi har brukt skype heime, og det største problemet har vore hakking på lina. Elles så har det fungert bra.
Eg følgde likevel instruksjonene med nedlasting, og det virka veldig lett.

TWITTER

Her er eit bilete frå buemakerkurset i helga. Både Heidi og Frøydis er blitt hekta på twitter.
Ja eg har også registrert meg på twitter. Her ser eg at eg må følge med litt over tid for å forstå fordelane med denne nettstaden. Har forstått at det er mykje fagleg som foregår her.
Legg også merke til at folke eg kjenner som er særs opptekne av twitter formidlar ut til verda alt dei gjer på, kor dei er og liknande. Dei oppdaterer sikkert statusen sin via mobil - som det stod i den eine artikkelen. Dette er ikkje noko for meg, som ikkje er tilgjengeleg på mobil på kveldstid ein gong. Folk som kjenner meg, og vil nå meg, veit at dei får tak i meg på hustelefonen.

FACEBOOK


No er det lenge sidan eg har hatt tid til å jobbe med web 2.0. Har vore på eit uturleg kjekt og lærerikt aktivitetsbasert formidlingsseminar i Borgundgavlen. Seminaret var veldig vellukka, og når eg får litt tid skal eg leggje ut bilete. Det er berre knallartig med "steingalne" folk som Morten og Peter. SSM hadde lagt ned eit fantastisk arbeid for å få til alle innlegga, aktivitetane og kursa i keramikk og buemaking. Tusen takk til Heidi, Ingvill, Frøydis, Arve og alle andre som gjerde kurset mogeleg.

Over til web. Ja det er nokre veker sidan eg, pga kurset, oppretta profil på Facebook. Har lasta opp bilete frå min første dag på museet, opninga av Mellemværftet. Så har eg meldt meg inn i gruppa web 2.0. Har lagt til dei eg synest eg må be som venner: bror min, mannen min, svigerinna mi og dei beste vennane mine. Etter det poppa det opp med vennar, både dei ein vil ha kontakt med, og andre som ikkje er så interessante. Har også lest artikkelen om Facebook på din side. Den var OK. Artikkelen frå VG var ikkje fullt så bra, men eg beit meg merke i at den største auken i deltakinga er i aldersgruppa 0 til 17 og dei over 36. Dette er jo særs sentrale tal med tanke på at satsingsområdet til museea er barn og unge.
Når det gjeld personvern er dette noko vi verkeleg bør diskutere. Eg er ikkje av dei som er mest personleg på nett. Det også viktig å vite korleis ein kan fjerne personlege opplysningar på nett. Dette er verkeleg ei side å huske: personvern hos Datatilsynet http://www.datatilsynet.no/templates/Page____1836.aspx

tirsdag 16. mars 2010

Podkast og RSS - med litt hjelp

http://podkast.nrk.no/program/20_spoersmaal.rss
her er adressa til 20 spørsmål, eit av dei gode programma til NRK.

Det er så bra at ikkje alt fungerer når vi er på kurs heller, for i dag var det akkurat slik som det er heime med meg eller på arbeid. Når eg endeleg trur eg har forstått kva eg skal gjere, så gjer eg det og då funkar det ikkje slik som det skal. Så prøver eg igjen og igjen og igjen. Og sånn går no dagan....

her skal eg lime inn ei adresse fra picasa:
Hilde seier at eg tester embedfunksjon for bilete då.
Fra Bilder til kurs


mandag 15. mars 2010

iGoogle og Googlekart

Det var greit nok å prøve i Google for å prøve for å opprette ei eiga personleg startside. Trur ikkje dette er noko eg kjem til å benytte meg av. Vi må nok bruke museet si heimeside som startside.....

Når det gjeld Googlekart har eg brukt både den og gule sider sine ruteplanleggarar når eg skulle på tur (både privat og i jobbsamanheng). Det er kjempepraktisk når vi har stiftinga og arbeidsplassen Nordmøre museum, spreidd over heile norddelen av fylket. Det er langt frå Rindal til Averøy eller frå Sunndal til Smøla.

Google Sky er ein super ting å bruke i klasserommet eller til sine eigne ungar som synsest alt som foregår i versrommet er spanande. Det finst så mykje bra på nett om verdsrommet, som kan gjere dette stoffet lettare å forstå, meir visuelt og enda meir spanande. Det er som er litt negativt, er at at mesteparten av opplæringa om verdsrommet ligg til 4.klasse etter kunnskapsløftet, ein del av ungane er litt i yngste laget til å forstå noko av dette.

torsdag 11. mars 2010

søking og sosiale media og litt fram og tilbake er dobbelt så langt

Det kan vere ganske interessant å google både seg sjølv og arbeidsplassen sin. For ei som slettt ikkje er pr.kåt er det skremmande kor mykje som ligg ute om meg på nett.

Har også sett på Del.iciro.us og brukt digital museum som tag. Ser kva ord som er "rett" eller viktig å bruka som bokmerke/tag.

Hoppa litt tilbake i kusete, for eg har visst ikkje skrive noko om podkasting. Var innom på NRK og "vore min eigen kringkastingssjef." Dette er noko eg bruker når eg ikkje får med meg det eg vil høyre - gjerne innslag i lokalradioen som har vore om museet eller kommunen. Synest NRK si side om dette var informativ og grei: http://www.nrk.no/tjenester/podkast/1.4434674 Trur ikkje det blir aktuelt for meg å abonnere på noko program slik.

Har også sett på wiki. Når eg arbeidde i skulen var eit av problema med ungar og internett at dei slett ikkje har noko kjeldekritikk i seg. Det er ein tung veg å gå. Derfor har eg litt blanda forhold til det med wiki - noko er særs bra, og andre ting er så som så. Eit anna problem er også når ei lenke fører til ei side som enno ikkje er laga men som du skal få lov å lage....
Elles så meiner eg det er absolutt aktuelt for museet å publisere eller oppdatere wikisider om oss sjølve.

Gjorde den utforskingsoppgåve på http://23tingomtonull.pbwiki.com gjorde oppg 1-4. Fekk til å lage ei bokmelding, sjølv om det tok lang tid å kome på kva bøker eg har lest i det siste. Eg visste at dei to siste bøkene eg har lese var svært gode. Så det er så som så med hukommelsen.

Så søkte eg i lokalhistorisk wiki på Gjemnes kommune. Det var vel ikkje mykje å skryte av, men det var då nokre treff.


Elles så les eg at når det gjeld wikipdia seier nokre forståsegpåarar at nettleksikonet får bestått i historie og biologi, men stryk i økonomi.

Var det berre flaks?

Har ein video til eg vil dele, men lurer på korleis eg skal greie å rotere den.

Endeleg på MSN

Ja eg likar ikkje ting når eg ikkje får det til. Har oppretta hotmailkonto og lasta ned MSN, likevel klarte eg ikkje å aktivere MSN'en min. Prøvde om og om igjen, gjorde det likeeins kvar gong - og nei.... Det skulle berre ikkje gå. Men så snakka eg med Bjørnar, han prøvde å logge seg på som meg, og det gjekk. (Dette forstår eg berre ikkje) og neste gong då verkar det slik det skal. Hurra.
Trur dette kan vere eit ok hjelpemiddel dersom ein samabeider om eit prosjekt og ikkje oppheld seg i same rom eller på same stad. MSN er lettare enn å sende mail.

Når det gjeld video så har eg bestemt meg for å ikkje gje opp å få lagt inn ein video på bloggen min. Har forsøkt fleire gonger, men nei....
Link klarer eg no å legge til då:
http://www.youtube.com/watch?v=9XtI_nTPhTQ
Yes, jenter som ikkje gir seg får det til tilslutt!!!!

onsdag 10. mars 2010

Lekegruppa ved Nordmøre museum og Rensvik skole


Lekegruppa har fått seniorprisen i Kristiansund. Gratulerer så mykje.

I samarbeid med Rensvik skole har Lekegruppa ved Nordmøre museum eit prosjekt på gang. Lekegruppa er ein gjeng spreke pensjonister som syng, dansar, spelar og leiker gamle leikar frå da dei var småe. Her her altså dei eldre lært frå seg å trille bandhjul, spille på klikkar, sangar og sangleiker og å kaste blekkskiver.

Dette er no blitt til to cdar, ein video og eit hefte med notar, tekst og forklaringar. Dette skal kome i sal neste veke.

Har fått oppretta mi personlege Facebook-side. Der sprett det opp gamle vennar heile tida. Har fått lagt link mellom Facebooksida mi og Youtubevideoen til Lekegruppa. Facebook er ikkje det heilt store for meg, men blir eg sjukemeldt eller arbeidslaus så forstår eg godt at ein kan bruke tida si på dette. Har prøvd å legge inn MSN, men det går ikkje heilt slik som eg vil. Det var i alle fall ein kjempepraktisk kommunikajsonsform når bror min studerte i USA. Skypetelefon har vi heime, det hakkar litt for mykje, men det er mykje timelegare å ringe td til Egypt frå. Det er visst 40 kr pr min til Noreg elles, for vi har visst ingen avtale med Egypt.

Elles så slit eg litt med kva det er eg skal utføre på dette kurset.



fredag 5. mars 2010

Astaddalen museums- og friluftsbarnehage



Over Astadelva går det ei lita bru med fullt av småe fotspor. Litt lenger borte ser vi fleire gapahukar. I den største gapahuken finn vi ungane. I dag er det aking som er den store aktiviteten. Så etter litt tid i lag med ungane kjem sola og livet vert med eitt mykje lysare og lettare. Eg får også ein telefon med beskjed om at no har vi fått tilbake vatnet heime. Livet er verdt å leve....

Fredag


Fagerlia skulemuseum og Teigen
I dag starta eg dagen med å stikke innom Fagerli skulemuseum. Det var over ein meter med snø der, men det gjekk forholdsvis greit å kome inn. Alt var heldigvis OK.
Så drog eg til Teigen som også er ein del av Gjemnes bygdemuseum i Skeisdalen/Øre. Det var meir som ein zoologisk tur. Det var tre plassar der hjorten hadde tatt for seg av rundballane til bøndene. Den eine plassen trur eg dei hadde begynt å mate hjorten. Det var over tjue hjortar på kvar av dei tre plassane.
Må tilbake seinare i dag for å skaffe nokre gjenstandar til utlån.
Gamle bilete av stadane kan de sjå nedst til høgre på bloggen.
Tok mange bilete i dag med eit mobilkamera, men eg greier ikkje å få flytta bileta frå kameraet over til pc'en. Så sånn går no dagan'

torsdag 4. mars 2010

YouTube

Dersom de søkjer Nordmøre museum på YouTube vil de få opp fire korte videosnuttar som eg har lagt inn samarbeidsprosjektet mellom Lekegruppa ved Nordmøre museum og Rensvik skole. Vi har fått midlar gjennom den kulturelle skulesekken.

Torsdag

På slutten av dagen i går, fekk eg lagt ut video på YouTube og skrive nyhende på heimesida til SNM. Men det eg ikkje fekk gjort var å leggje til favorittvideoen min på bloggen min. Hadde ikkje så god tid, og det har eg heller ikkje no. Eg har ein gut heime som er småsjuk, hostar og harkar og venter på mor.... Han hosta og heldt oss våken heile, halve natta. Han er forresten ein retteleg godgut. Sjå her kva han laga til morsdag:


Han har til og med bretta boksen sjølv, kortet er heimelaga og likeins med perlebandet....
Han veit at mora sin yndlingsfarge er blå.

onsdag 3. mars 2010

Flickr







Ja Flickr er ikkje det eg kan mest om på førehand. Fekk lagt inn mange fleire hjortebilete enn på heimesida, og laga meg to Andy Warholplakatar

tirsdag 2. mars 2010

Onsdag




I dag føler eg meg som Anna i ødemarken. Har vore vasslaus sidan søndag. Kom heim frå vinterferie og hadde åtte makiner med klede som skulle vaskast. Rørleggaren får ikkje opp, det er frose utanfor huset....
I tillegg kryr det av rådyr og hjort over alt. Viser her eit lite knippe av dei dyra eg såg på veg til arbeid i dag.

Astaddalen museums- og friluftsbarnehage


I dag fungerer barnehagen som ein friluftsbarnehage. Dei har base i to MOBO leiligheiter, og er for det meste ute i Astaddalen.

Dette huset frå Straumsnes i Tingvoll kommune skal flyttast pga utbygging av vegen. Det vil bli den nye barnehagen vår. I første etasje skal ungane halde til, i andre etasje skal det vere rom for at museumsformidlar skal kunne ta i mot besøk av både småe og store.

I Astaddalen i Batnfjord i Gjemnes kommune skal det byggjast ein museums- og friluftsbarnehage. Pr i dag står det eit kvernhus som Gjemens museums- og historielag har rekonstruert.

Tysdag

I dag må eg prøve meg åleine på blogginga. Det er ikkje så enkelt. Ser at alt på nett stjel utruleg med tid, som det stod i avisa, vår tids tidstjuv.
Eg brukte over ein time å kome inn på citritx i dag, fordi eg hadde lasta ned ei oppdatering av Mozilla firefox. Slikt er kjedeleg. Eg liker berre data og internett når alt fungerer slik som eg vil det skal.

mandag 1. mars 2010

Måndag

I dag er det ein skikkeleg blåmåndag.
Kva er det?
Dette var, i følge Sverre, handverkerane sin dag der dei skulle ta att for helga sine utskeielesar. (Lettare arbeid, kortare arbeidstid ol).

I dag, etter ein kjempeflott ferie, får eg vite at eg ikkje har vatn i huset. og at det ikkje er så lett å fikse det heller. eg har berre åtte maskiner med klede som skal vaskast.

Så då får eg lære å blogge i staden.

Har heldigvis særs god oppfølging.